Viktig tilbod til bedriftskundar

Visste du at eit samlivsbrot kostar i gjennomsnitt 80.000 kr for deg som arbeidsgivar? Og at kvar fjerde nordmann som opplever samlivsbrot blir sjukmeldt? Av desse er halvparten sjukmeldte i ein månad eller meir.

I tillegg til dei store samfunnskostnadane er det også store personlege implikasjonar ved brudd- og dysfunksjonelle samliv. Å leve saman kan vera krevjande, og for mange menneske direkte skadeleg. Dette er ofte usynleg både for vener og arbeidsplass.

Det er kring 12.500 par som skil seg i løpet av eit år, og stadig fleire bedrifter ser at det lønner seg å vera føre var. Dette gjeld både dei som kan få tilbake balansen i forholdet, men også for dei der skilsmisse er eit faktum.

Det statlege familievernet er gratis og alle som vil kan søkje om å få terapihjelp der. Det som dessverre viser seg, er at når ein fyrst tar kontakt med familievernkontoret er det ofte komt langt, og i mange tilfelle for langt.

Vi tilbyr tenester innan familieterapi. Både individual samtaler, par- og gruppesamtaler. i tillegg tilbyr vi kurs i ulike tema for par og familie.


Individual- og parterapi

Arbeidstakar kan kome åleine eller saman med partnar til oss. Du som arbeidsgivar kan velje å kjøpe enkelttimar eller eit abonnement.

Individuelle samtaler kr 1050 pr time.

For abonnement gjeld fylgjande:

5 timar terapi      kr 5.200

10 timar terapi    kr 9.800

20 timar terapi    kr 19.800

Terapitimane kan tingast og nyttast når det høver. Arbeidstakar kan booke time direkte hjå oss.

 

Kurs

Det kan vera stor skilnad på sjølv å ta kontakt på vegne av sitt eige parliv, og heller gå på noko meir uformelt kurs i regi av jobben. Vi tilbyr ulike kurs. Om du ynskjer å ha bedriftsinterne kurs så kan me skreddersy dette.

 

Kurs «Kjærleik i krig og i fred»

Eit kurs om korleis forstå kjærleiken når dagane er ulike. Dette er eit kommunikasjonskurs for å lære om sine eigne mønstre og forstå den andre sine reaksjonar. Kurset er meint for ei førebygging med tanke på å unngå brudd og få betre relasjon/kommunikasjon. 

Kurs  « Overgangsplager»

Kurset er eit førebuingskurs når ein står i  ulike overgangane livet har. Døme på dette er frå to til tre, frå barn til ungdom og når ungane flyttar ut.

 

Kurs  «Korleis leve i  ei skilsmisse?»

Kurset tar for seg kva tankar og følelsar ein kan ha i ein slik periode. Korleis sorga kan ramme fleire enn paret sjølv. Korleis ta best mogleg vare på seg sjølv og dei nærmaste når skilsmisse er eit faktum. Kurset er meint for dei som har bestemt seg for å skilje seg, dei som er usikre og for dei som har vore skilt ei stund.

Prisar

Kurs koster kr 1150 pr person. Kursa er over to kveldar med to timar kvar kveld.
Psykolog og familieterapeut Frode Schanke Eikum vil saman med underteikna holde kursa.

Gasta Design