Leiarutvikling


Å vera leiar har aldri vore så krevjande som i dag. Det å stå i kontinuerlege endringar og utfordringar krev både merksemd, kompetanse og bevisstgjering. Vi legg stor vekt på forsking og fagleg forankring i vår utvikling av leiarskap. Våre tilsette har kompetanse innan ulike teoriar, og vi er sterkt forankra i positiv psykologi, sosialkonstruksjonisme og systemisk teori.  Vi trur på styrken i menneske og vi trur på at vi saman skapar og når mål. Vi trur på at systemet er sirkulært og at alt påverkar alt. Vi er eit samspel og er gjensidig avhengig av kvarandre.

 

MODIG

Ein av våre verdiar er modig. Det er også ein av bærebjelkane i leiarutviklinga vår. For å møte ulike menneske må du våge å by på deg sjølv, og å vera modig i kommunikasjonen. Den gamle leiarstilen er ikkje lenger levedyktig. No skal du kunne syne og tole å vere sårbar, og tillate prøving og feiling.  

Kunnskap frå i dag gjeld kanskje ikkje i morgon. Historiane vi trudde på i går, må vi raskt kunne redefinere for den tida som kjem. Til deg som er kunde eller som tenkjer på å gjere ei leiarutvikling;

Sørg for å vite kva du egentlig treng. Leiarutvikling er alt fra korte kurs til lange program. Vi i evoSpor kan skreddersy og tilpasse, men det viktigaste er at det passer DEG og di verksemd.

Med eit tilpassa leiarskapsprogram hjå oss vil du få:

Fokus på kven du er utfrå kvar du kjem frå – kva læring som har skapa «dine spor» i leiarskapet.

Du blir utfordra åleine og saman med andre

Personlege verdiar vrs. forretningsmessige verdiar vert utfordra

Du blir sett i team som blir nære vener og ut

Det handler om deg, men og like mykje om teamet og dei kring deg.

Du/de får innsikt og læring i viktige verktøy for leiarskapet

Forståing av rolle, kontekst, merksemd og forretningsmodellering

Kurs

Vi skreddersyr kurs, leiarutviklingsprogram og events for deg og ditt team!

 
 
martin.jpg