Livskrise og leiarskap

Det er ingen av oss menneske som kjem unna livskriser. Det kan vera dødsfall i nære relasjonar, alvorleg sjukdom, skilsmisse eller ulykke. Korleis nærmaste leiar og arbeidsplass møter dette er viktig for den det gjeld.

Å ha eit godt støtteapparat på arbeidsplassen er viktig. Dette kan gjelde psykologisk krisehjelp, familievern eller bedriftshelseteneste. Samtidig med å ha eit slikt støtteapparat kring seg, er det viktig å vite korleis du som leiar og team møter andre si krise. Ofte sender ein blomar og fine ord til den eller dei det gjeld. Og det er vel og bra. Men også like ofte våger ikkje leiar å møte den som er i krise.

Å øve seg på å møte kriser og utfordringar er ikkje alltid lett. Det gjeld oss alle. Likevel kan det bety ein stor skilnad dei gongene nokon treng det. Det kan vera ein samtale med å berre lytte, eller det kan vera å ta kontakt for å høyre korleis det går.

Sårbar

Nokon gonger treng vi å forstå korleis vi sjølve responderer på utforande situasjoner. Vi treng å møte oss sjølve endå meir , før vi klarer å møte andre i livskriser.

Det å syne sin eigen sårbarheit kan vera veldig tøft for veldig mange. Også leiarar. Men å øve seg på det, kan utvikle både empati og omsorg når dei kring oss treng det.

– Gro Mykkeltvedt 27.august 2019


 
Bilde1.png

Ei lita påminning av Hans Børli;

Ett er nødvendig – her
i denne vår vanskelige verden
av husville og heimløse:
Å ta bolig i seg selv

Gå inn i mørket
og pusse sotet av lampen.

Slik at mennesker på veiene
kan skimte lys
i dine bebodde øyne.
— Hans Børli
 
Gasta Design