Våg å snakk kjærleik fram i leiarskapet!

Ja, du høyrde riktig. Kan hende det er litt provoserande og det er heilt greit. De fleste av oss knyter lett ordet kjærleik til romantikk og ikkje om leiing og leiarskap.

Kvifor tør vi ikkje snakke høgt om kjærleik? Er det flaut? Tilhøyrer det berre det indre rom eller mellom partner, kone og barn?

Skal vi verta endå meir opne, venlege og nysgjerrige kan det hende vi skal våge oss litt mer kjærleik. Også på jobb. Ikkje meir intimitet eller kjærleg berøring, men omsorg, støtte og venlegheit. Til oss sjølve og andre.

Fleire forskingar syner at omsorg og støtte er viktig i leiarskapet. Men ordet kjærleik er det få som bruker. Dette ynskjer eg å gjere noko med. Fordi det gjer noko med oss ​​med å endre måten vi snakker på.Eg gjer ei forsking på konsernsjefar i Norge. Eit av forskningsspørsmåla er korleis dei forstår kjærleik i leiarskapet. Og WOW! Kjærleik er kanskje noko av det aller viktigaste i leiarskapet. Det starter med kjærleik til seg sjølv og så kjærleik til dei kring seg. Nokon stusser over ordet kjærleik mens andre ikke er redde for å bruke ordet i det heile tatt. Og kva kunne skje om vi brukte ordet kjærleik litt mer?

Framtida sine leiarar treng å vera snille med seg sjølv. Dei treng å forstå seg sjølv utfra si eiga historie for å få identitet og integritet. Mi hypotese er at å snakke kjærleik til seg sjølv og om seg sjølv, vil vera med å begeistre til meir kjærleik mellom tilsette og leiarar. Folk sluttar jo ikke så ofte i jobb på grunn av jobben i seg sjølv, det veit vi. Dei fleste slutter på grunn av dårleg kvalitet på relasjonane.

Test det! Bruk ordet kjærleik i leiarskapet. Sjå kva som skjer.Inne i deg. og mellom deg og dei du snakker med.

Gro Mykkeltvedt

Gro Mykkeltvedt