Påmeldinga til leiarprogram for kvinner 2021 er opna

Saman med Innovasjon Norge inviterer vi igjen til leiarprogrammet groSpor, og har opna for påmelding til kursa i 2021.

Leiarprogrammet groSpor har etter krav frå Innovasjon Norge eit systemisk perspektiv. Systemisk leiing er i startgropa innan leiing her i Noreg og det er gledeleg å kunne bidra med kompetanse på dette fagfeltet. Vi skal bidra til eit godt fagleg forankra leiarprogram der individ, relasjon og sårbarheit er i sentrum. Programmet er eit god fundament for å utøve eit sensitivt og refleksivt leiarskap, noko samfunnet har meir og meir behov for.

Det er og nokre få ledige plassar og mogleg å melde seg på program i Sogndal og Loen no i haust.

Martin Hammer